print logo

9. april: symbolet på angrepet på Noreg

Det tyske angrepet på Norge 9. april 1940 vart starten på fem år i norsk historie der heile, eller store delar av landet vart styrt som eit diktatur under nazistisk leiing.

Oslo, Karl Johans gate. Det kongelige slott i bakgrunnen. Tyske tropper marsjerende nedover i retning Oslo sentralstsjon. Folkemengde ser på de marsjerende soldatene.

9. april 1940: Tyske tropper marsjerer på Karl Johans gate ved universitetet. Foto: ukjent/NTB scanpix

Datoen 9. april har sidan angrepet i 1940 hatt ein heilt spesiell klang i dette landet og det er vanskeleg å førestille seg at klangen skal stilne. I løpet av denne eine dagen okkuperte tyskarane store delar av Norge og dreiv både regjering og kongefamilie på flukt. For mange er datoen sjølve symbolet på den tyske invasjonen og okkupasjonen.

8. april: «Vi kjem ikkje som vener»

Dei fyrste tyske troppane var på norsk jord allereie 8. april, mange av dei hardt skadde og døyande.

Dampskipet Rio de Janeiro, eit tysk troppetransportskip med kurs for Bergen, vart like før kl. 13:00 torpedert og delt i to av den polske ubåten Orzel utanfor Lillesand.

Lokalsamfunnet gjorde som ein skal når ein oppdagar menneske i havsnaud: Redningsaksjonen var i gang så snart drønnet frå eksplosjonen stilna.

Lokale fiskarar drog ut til dei overlevande, redda dei opp i skøytene sine og førte dei til land. Der vart dei tekne med innandørs i varmen. Dei fekk ulltepper, mat og drikke.

Aftenpostens sin korrespondent for området kunne tysk og vart tilkalla som tolk. Mens han heldt ein av dei døyande soldatane i handa skal soldaten ha sagt følgjande til avismannen: «Vi kjem ikkje som vener. Ved daggry går vi i land på ni forskjellige stader langs norskekysten.»

Svart-kvitt-foto. Militært skip i bakgrunnen. I forgrunnen om lag 20 soldatar med hjelm og utrustning som står på ei brygge eller eit dekk.
Tyske soldatar går i land i Trondheim. Foto: ukjent/NTB scanpix

Andre verdskrig på Norgeshistorie.no

Her på Norgeshistorie.no finn du i dag over 50 artiklar om andre verdskrig. 18 av dei er heilt nye og lagt ut 9. april, 76 år etter invasjonen.

I dei nye artiklane kan du mellom anna lese om norske sjøfolk i handelsflåten og den betydelege innsatsen dei la ned på alliert side, og om korleis dei måtte kjempe for å bli anerkjent for innsatsen etter krigen.

Du kan også lese om nordmenn som verva seg til innsats for tysk side på austfronten, om forsøk på nazifisering av det norske politiet og folket elles og om korleis Kongsberg våpenfabrikk enda opp med å produsere våpen for okkupanten.

Ingenting tyder på at siste ord er skrive om okkupasjonstida i Norge. Litteraturen om krigsåra veks i omfang kvart år. Nye områder av krigshistorie vert via merksemd og ettersom tida går og distansen til krigsåra aukar, ser vi at nye stemmer, perspektiv og tolkingar kjem til dei etablerte.

I tida som kjem vil du difor finne fleire nye artiklar om andre verdskrig på Norgeshistorie.no

Av Nina Maria Rud
Publisert 9. apr. 2016 01:01 - Sist endret 19. mai 2017 14:19